Rådmannen meiner Vindafjord ikkje er klar til å ta imot einsleg mindreårige flyktningar i bufellesskap, men kommunstyret vil ha ein ny runde for å vurdere det. Frå venstre Rune Hetland (V), ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), Steinar Skartland (KrF), Gustav Løge Fosse (KrF), Vidar Samalmnd (SV), Kari Vik Stuhaug (Sp), Sigmund Lunde (V), og deretter delvis med ryggen til Inga Øverland Apeland (Sp), Anne Cecilie Brentsen (Sp), Johannes Vestbø (Sp) og Trygve Espevol (Sp) i fleirtalskoalisjonen.
Foto: Jon Edvardsen
Politikarane vil vurdere mottak
Rådet kjem frå administrasjonen som meiner at det å ta imot mindreårige, einslege flyktningar under 17 år er krevjande, og utfordrar kommunen både økonomisk og kapasitetsmessig.
Rådmann Kristian Birkeland meiner kommunen bør ta sin del av samfunnsansvaret, men at det ikkje er det rette tidspunktet. Han viser også til ein meir pressa økonomisk situasjon for kommunen enn før.
Men det vil ikkje kommunestyret slå seg til ro med, og fleirtalet vil ha ein ny gjennomgang for å vurdere om kommunen kan ta imot nokre frå den yngste gruppa flyktningar.