Politimeister Hans Vik.ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Politimeister Hans Vik.

Politiet: Utelet ikkje ny Tengs-etterforsking

Politimeisteren i Sørvest politidistrikt seier at politiet vil starte ny etterforsking av drapet på Birgitte Tengs viss dei ser moglegheit for å oppklare saka.

Publisert Sist oppdatert
– Vi må ikkje miste trua på at det er mogleg å oppklare. Vi skal snu dei steinane og gjere dei undersøkingane som har oppklaringspotensial i seg, seier politimeister Hans Vik i Sørvest politidistrikt til NRK.

Førre veke vart Johny Vassbakk frikjend for drapet på Birgitte Tengs i 1995, etter at lagmannsretten kom til at DNA-beviset ikkje var sterkt nok til å dømme han.

Vik seier at det kan vere aktuelt å ta opp igjen Tengs-saka og etterforske ho på ny.

– Det er ei sak med eit veldig spesielt forløp. Men viss det er eit oppklaringspotensial og viss det er, eller kjem nye spor eller teknologi som kan føre til ei oppklaring, er eg den første til å setje

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS