Til saman 10 personar har søkt på stillinga som lensmann i Etne og Vindafjord.ARKIVFOTO
Politiet opnar gradvis for publikum
Det melder Sør-Vest politidistrikt. I Grannar-distriktet gjeld dette Etne og Vindafjord lensmannskontor i Ølen.
Endringa betyr at enkelte tenester er tilgjengelege for fysisk oppmøte.
— Alle lokasjonane har innført smitteverntiltak for å førebygga koronasmitte. Publikum vil bli informert på dei ulike stadene om kva tiltak som gjeld, og kva tenester som er tilgjengelege. For enkelte kontor blir det bede om at publikum møter opp kort tid før timeavtale, heiter det frå politidistriktet som viser til meir info om dei ulike lokasjonane på www.politiet.no.