Etne- og Vindafjord politistasjon i Ølen sentrum.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Politiet åtvarar om konsekvensar av uvêr
— Me bør sikre alle lause gjenstandar rundt hus og i strandsone. Gjenstandar med stort vindfang bør sikrast, som til dømes trampolinar, skriv Sør-Vest politidistrikt i politiloggen.
Dei peikar på at lause gjenstandar får ekstra tyngd når dei kjem i stor fart, og kan dermed gjere stor skade. Vidare understrekar politiet at ein i sterk vind bør unngå å køyre over bruer med lette køyretøy, og med køyretøy eller tilhengarar med stort vindfang. Last bør sikrast uansett kor kort køyreturen er.
Stenging eller trafikkregulering av bruer kan vere naudsynt av omsyn til trafikksikkerheita.