Rådgjevar Axel Krüger (t.v.) har vore med og utarbeidd ROS-analysen som ikkje tilrår hogst i nedslagsfeltet til Etnesjøen vassverk.Her er han ved vassverket saman fagleiar for vatn og avløp i Etne kommune, Eirik Molland.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Planlegg nytt høgdebasseng i Etne
Kommunen vil ruste opp Etnesjøen vassverk for fleire millionar kroner.
Å sikre godt og nok drikkevatn innbyggarane for framtida hatt høg prioritet i Etne kommune i fleire år. Fagansvarleg for vatn og avløp i Etne kommune, Eirik Molland, og rådgjevar Axel Krüger, har følgd saka i Askøy med stor fagleg interesse, men forsikrar samtidig abonnentane til dei kommunale vassverka at at dei kan kjenne seg trygge på at dei kan drikke vatnet dei leverer utan å bli sjuke.
— Me tek prøvar den første måndagen i kvar månad og sender desse til eit laboratorium i Moss som føretar analysar av det. Og ved den minste mistanke om at noko kan vere feil med vatnet kontaktar vi Mattilsynet for å diskutere om det er behov for å sette i verke tiltak, fortel dei.
Fire kommunale