Første skilt kjem snart på plass i kulturløypa i Ølen sentrum.Arkivfoto
Planlegg kulturløype i Ølen
Søknaden på 75.000 kroner er send inn til Kulturrådet.
Løypa er eit samarbeidsprosjekt mellom Ølen Grendalag, Ølen Handel og Vindafjord Kommune, med mål om å formidle historier frå fjern og nær fortid i Ølen sentrum. Føremålet er at løypa skal gi auka medvit om historia, samtidig som ein gjennom bilde og tekst får ei interessant oppleving, anten ein er innbyggjar eller besøkande.
Kulturløypa skal i hovudsak formidle liv og levemåte, handel og næring i Sjoargarden dei siste 100 åra. Prosjektgruppa håpar å samle inn så mykje som mogleg av foto, gjenstandar, lokalhistorisk stoff og munnlege forteljingar frå området denne perioden.