Johannes Silde (t.v.) og Egil Kambo håpar det skal let seg gjere å ta ut skog på Kambe.
Val 2019
— Pass på importvernet
KrF sin 1. og 2. kandidat til fylkestingsvalet, Trude Brosvik og Tor Andrè Ljosland kom innom for ein kort prat på garden til svinebonde Johannes Silde i Etne tysdag. Der kunne Etne KrF sin 1. kandidat, Steinar Frønsdal, mellom anna fortelje at 10 prosent av alle mjølkekyr, 10 prosent av ammekyrne, 5 prosent av sauene og heile 40 prosent av alle mjølkegeitene i Hordaland bur i Etne.
Til stades var mellom anna representantar for Etne bonde- og småbrukarlag, Etne bondelag og Hordaland bondelag. Sistnemnde representert ved styremedlem Anne Holter Vae frå Etne.
— Vår viktigaste oppmoding til KrF er at dei passar på importvernet, seier ho.