Harald Viktor Jacobsen i UP slapp å stoppe nokon bilar på Fikse.
Foto: Svein-Erik Larsen
Påskefarten varierte stort
Ikkje ein einaste reaksjon blei nødvendig på den timen Jacobsen stod nær busskuret på Ølen-sida av Fikse i 80-sona på E134.
— Resultatet er veldig bra. Det er dette me ønskjer, seier Jacobsen.
Han stod frå cirka klokka 10 til 11.
Gass mot tunnel
Klokka 13 hadde Jacobsen med seg to UP-kollegaer for å måle farta på bilar som var på veg inn i Nesetunnelen i Stordalen, køyrande frå Etne-sida. Der blei dei ståande til 17.30. Dette resulterte i 16 forenkla førelegg. Særleg den første halvannan timen var hektisk.
— Det har tidvis vore litt. I gjennomsnitt har me måtte stoppa ein bil nesten kvart tiande minutt, men nå ser det ut til at folk har funne ein plass i køen, fortel Jacobsen, i det påsketrafikken auka på rundt 15.30.
Like etter måtte han og kollegaene vinke inn dagens ellevte bil, som blei målt til 90 km/t i 80-sona. Den høgaste målte hastigheita gjennom dagen var 101 km/t.
Streng prosedyre
På den siste dagen før påskefridagane starta Jacobsen aleine på laserkontroll. Før kvar kontroll gjer UP ein avstandskontroll og ein siktekontroll. Det same må gjerast etter kontrollane.
— Laseren blir kontrollert minst ein gong i året hos Justervesenet. Så får den ein godkjenningsperiode, fortel Jacobsen.
Når Jacobsen fekk avklart at teknologien fungerte som den skal, måtte han i gang med å fylle eit skjema over blant anna kor han stod. Dette må gjerast kvar gong UP flyttar på seg, sjølv når det er snakk om berre ein heilt kort avstand på same veg. Onsdagens kontroll var den første på Fikse på ei stund.
— Me har ikkje stått her så mykje, seier UP-betjenten.
Utfordrande periode
Alle slags køyretøy passerte Jacobsen sin laser den timen han stod på Fikse. Opp gjennom åra har fleire påskeferdar enda i tragedie. UP-betjenten viser til at ni personar har omkomme i trafikken frå fredag før palmesøndag til 2. Påskedag i Noreg sidan 2019.
— Det er ni for mange, seier Jacobsen.
Sjølv har han gjennom jobben vore på ein del dødsulykker i regionen. Som ein del av politiet og dei etatar som brannvesenet og helsepersonell dei profesjonelle på ulykkesstaden.
— Aller tøffast er det kanskje når dei pårørande er med, eller kjem til staden og du ser reaksjonane. Det er veldig spesielt, fortel UP-betjenten.
Etter slike ulykker har etatane alltid ein debrief der dei snakkar ut om det som har skjedd.
Vellykka markering
Som følgje av den auka trafikken og dyster statistikk, har UP vore ute i media og opplyst om at dei kom til å ha kontrollar i påsken. Jacobsen trur folk har fått dette med seg.
— Målet er å hindre aggressiv køyring, seier Jacobsen.
Han sat politibilen sin veldig tydeleg ved busskuret på Fikse for å gjere folk merksame. Med laseren synleg på god avstand for dei som kom frå Etne-sida, var det ingen som var i tvil om at det var kontroll på den ulykkesutsette vegen.
— Når me kom køyrde folk i hastigheiter rett over 80 km/t. Etter at me har stått her har farten gått ned, fortel UP-betjenten.
I Stordalen var UP si patrulje meir gøymt med laseren sin, før dei spratt opp å hanka dei som køyrde for fort inn ved ei busslomme.