Parat: Fare for streik blant redningsmannskap frå onsdag
Parat seier redningsmannskap frå Bristow Norway kan bli tekne ut i streik frå onsdag morgon. Parat og NHO prøver tysdag å bli samde om ny tariffavtale.
I første omgang vil ein streik ramme redningshelikopter (SAR-offshore) frå Bristow Norways base i Bergen.
Parat meklar på vegner av redningsmannskap i selskapet. Kravet er at dei får den same prosentvise lønnsauken som andre kollegaer i SAR-tenesta allereie har fått i tariffoppgjeret sitt. SAR står for search and rescue». I fjor fekk mellom anna pilotane i Bristow ein avtale dei var fornøgde med, etter fire veker med streik.
Lars Petter Larsen leier forhandlingane på vegner av Parat. Han seier arbeidsgivar manglar vilje til å gi eit lønnstillegg i samsvar med andre tilsette i selskapet.
– Under forhandlingane var ikkje selskapet villige til å møte oss på eit så opplagt krav, eit krav det frå vår side ikkje er mogleg å fire på, seier Larsen i ei pressemelding.
Dei tilsette krev også kompensasjon for reiser til tenestestadene, slik andre knytte til SAR-tenesta allereie får.
– Av ein eller annan grunn meiner selskapet at redningsmennene skal vere unnateke slik kompensasjon. Konkurrerande selskap har allereie inkludert slike ordningar for redningsmennene sine, seier Larsen.
(NPK)