Tungesvik Bygg har satsa på å selje nøkkelferdige hytter mellom anna i Langedalen aust for Røldal.FOTO: TUNGESVIK BYGG/ØKLAND FOTO
Tungesvik Bygg har satsa på å selje nøkkelferdige hytter mellom anna i Langedalen aust for Røldal.
Kjetil Nedreslår (t.v.) og Torgeir Tungesvik blir partnarar i det nye byggfirmaet Vigor AS.FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Torgeir Tungesvik er salssjef i Tungesvik Bygg AS.ARKIVFOTO

Pandemien løftar hyttesalet

21Etterspurnaden etter nøkkelferdige hytter synest å ikkje ha nokon ende. Begge aktørane i Grannar-distriktet har meir enn nok å henge fingrane i. Og i koronatida har talet på telefonar berre auka.

Publisert Sist oppdatert

Både Berge Sag, med hovudkontor i Ølensvåg, og Tungesvik Bygg i Skånevik fortel om etterspurnad som dei aldri har opplevd før.

— 2019 var all time high innan hyttesal Berge Sag. I år er me 30 prosent opp frå det året, og vi har aldri sett maken til inngang på eit år som det vi har framfor oss, fortel sals- og marknadsutviklar Øyvind Bråtun i Berge Sag.

For Berge Sag sin del handlar det ikkje berre om at folk har blitt generelt meir interessert i å skaffe seg hytte gjennom korona-tida, men at dei også har gått frå å vere ein regional aktør til å no satse på hyttebygging i heile Sør-Noreg. Seinast førre veke vart det kjend at dei også satsar i Østfold gjennom oppkjøp av ein annan aktør. Medrekna dei siste oppkjøpa reknar Berge Sag med å omsette for om lag 200 millionar kroner berre i hyttemarknaden neste år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS