Skadedyrstatistikken, som byggjer på rapportar frå skadedyrfirmaa i landet, viser at veggedyrkampen i Noreg har auka kraftig frå 447 tilfelle i 2007, før det stabiliserte seg rundt 3.000 tilfelle i åra 2016 til 2019. I 2020 gjekk talet på tiltak mot veggedyr ned med 34 prosent, samanlikna med året før.
Mindre reising, mindre skadedyr
Det er fleire faktorar som påverkar talet på åtak frå skadedyr, opplyser FHI på nettsidene sine. Fleire av artane, som for eksempel veggedyr, blir ofte frakta rundt av menneske, og reduksjonen kan derfor truleg knytast til pandemien.
— Vi har dei siste åra håpa på ein reduksjon i talet på veggedyrtiltak, men det kraftige fallet vi ser no, trur vi har ein samanheng med pandemien, seier Bjørn Arne Rukke, seniorforskar ved FHIs seksjon for skadedyrkontroll.
— Veggedyr vert ofte spreidd med bagasje, og vi trur at mindre reiseaktivitet under pandemien kan vere ein årsak til den kraftige nedgangen vi ser, seier Rukke. Han understrekar likevel viktigheita av å følgje reiseråd for veggedyr, både når det gjeld handtering av bagasjen og inspeksjon av senga.
Faraomaur og tysk kakerlakk vert normalt spreidd med varetransport, men også desse skadedyra kan krype inn i bagasjen. Tiltak mot faraomaur og tysk kakerlakk viser ein nedgang på høvesvis 51 prosent og 9 prosent frå førre år.
I 2020 vart det registrert 7.434 tiltak mot skjeggkre mot 6.788 året før, som er ein auke på berre» 10 prosent.
Anders Aak, seniorforskar ved FHIs seksjon for skadedyrkontroll funderer på om folk har vore skeptiske til å tilkalle folk som driv med skadedyrnedkjemping under pandemien ettersom ein jo skal avgrense kontakten mellom menneske.
—Vi vil følgje utviklinga i åra som kjem og sjå om vi finn faktorane som har vore mest avgjerande for utflatinga i 2020, seier Aak.
Skadedyr frå netthandel?
Når det gjeld tiltak mot brun pelsbille og stripete borebille har det derimot vore ein auke i 2020.
— Vi veit ikkje spesifikt kva som forårsakar at nokre artar ikkje viser den same nedgangen no under pandemien. Men ei mogleg forklaring kan vere at meir tid heime har gjort at vi har lagt meir merke til skadedyr. Ei anna forklaring kan vere at spreiinga har skjedd gjennom kjøp og sal av varer på nettet, og vi må ikkje gløyme at nokre artar også kan spreie seg naturleg mellom bustadene våre, seier Mari Steinert, seksjonsleiar ved FHIs seksjon for skadedyrkontroll.