På tur langs gamle tufter
Opning av den nye kulturstien i Åmsosen markerte starten på Kulturveka i Vats 2024. Eit hopetal turglade bygdefolk i alle aldrar møtte opp å for å få seg ein spasertur langs historiske tufter.
Den gamle ullvarefabrikken i Åmsosen, som stod ferdig i 1874, dannar ramma rundt den nye kulturstien i bygda. Ein steinsett vasskanal sytte for å skaffa vatn til drift av maskineriet inne på fabrikken, og det er langs denne kanalen turgåarane nå kan ta seg ein rusletur. Stien er opparbeidd på initiativ frå Skjold, Vats og Vikebygd Sogelag, med midlar frå Rogaland Fylkeskommune, SR-Bank, Sparebanken Vest, Thon-stiftinga, private og ein god gjeng dugnadsvillige bygdefolk. Stien startar i vegkrysset ved Hagale, der ungdommane i gamle dagar samlast til dans og moro, og endar der det gamle inntaket i elva, rundt 800 meter lenger oppe i lia.
— Dette er blitt ein svært populær og flott tursti. Me har brukt han mykje. Før var det umogleg å gå her. Alt var overgrodd, men nå er renna komen fram i dagen, seier dei to turglade damene, Kari Vierdal og Klara Vatnedal frå Vats og er godt nøgd med det nye turtilbodet i bygda.
Det er niande gong Kulturveka i Vats blir arrangert. Årets kulturveke med opninga av turstien blei høgtideleg feira med snorklipping og ei interessant oppsummering av historiske fakta signert Torger Audun Ohm, før dei frammøtte kunne ta beina fatt og få seg ein rusletur langs den historiske vegstubben.