På tide å betala for seg?

Viss ein meiner kommunane kun skal driva med lovpålagte oppgåver, strekk nok pengane til. Ein […]

Publisert Sist oppdatert

Viss ein meiner kommunane kun skal driva med lovpålagte oppgåver, strekk nok pengane til. Ein kan til og med spara seg for utgifter til kommuneval og heradstyre, sidan dette vert overflødig om kommunen berre skal administrera det som uansett er lovpålagt. Ullensvang herad vert til Ullensvang statlege servicekontor & tenestetorg. Dette er ikkje svartmaling, men eit mogleg scenario, i tråd med regjeringa sin kurs.
Eg lurer difor på om ikkje venstresida no bør skifta strategi. Det gir ikkje lenger meining å skulda rådmann og ordførarparti for kalde og usosiale nedskjeringsframlegg. Kanskje vi heller skal gjera framlegg om auka eigenbetalinga så det monnar, på alle område som ikkje er livsnaudvendige? Full sjølvkost på alt som ikkje er lovfesta gratis?
Regjeringa gir oss jo skattelette for at vi skal få større valfridom til sjølve å disponera inntekta vår. Sjølv slepp eg, som lærar, med 12 000 kr mindre no enn for 5 år sida. Kva er vel då meir rimeleg enn at vi bruker desse pengane til å betala for besøk i svømmehallen, lån av bibliotekbøker og feiing av pipa? Kanskje til og med gudstenesta bør prisast med 100 for vaksne og 50 for barn? Dei som ser seg naudt til å prioritera feiing framfor bading kan vel sjå til å skaffa seg høgare løn og meir skattelette.
Eg vil ikkje ha det slik. Men det er kanskje ein naudsynt vekkar for alle badefamiliar, bibliotekvennar, vedfyrarar og kyrkjegjengarar som trass alt har stemt fram eit Stortingsfleirtal som gir oss det dei lover: blå fridom? Det bør vera tid for ettertanke fram mot Stortingsvalet.

Tore Bergum
Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland

Powered by Labrador CMS