På plass i nytt lagerbygg
For to og eit halvt år sidan flytta Felleskjøpet frå Nyvoll til Gjerde senter, i eit fellesbygg like ved E134 saman med Coop Extra, men alt var ikkje med på flyttelasset. Nå er alt samla igjen.
— Dette gjer det enklare for oss. Det var tungvindt for oss å ha eksternt lager vekk frå butikken, så nå blir det betre både for dei tilsette og for kundane, seier dagleg leiar Jon Oddvin Moe og er glad for at det tidlegare leigde lagerområdet nå er flytta frå Tongane og opp til butikken ved hovudvegen.
I hovudsak er det gjødsel som skal under tak i nye hallen, og med 840 kvadratmeter golvareal til disposisjon er det god plass også til andre produkt som står på sortimentslista. Heile tomta er på rundt 2 mål og deler av utearealet er overbygd for å skjerma varer for vind og vêr.