På julaftan er målet nådd
Eit hårerte veddemål er til vegs ende for brørne Marius (9) og Emil Johan (11) Heggheim Brekke på sjølvaste julaftan. Då har dei sove utandørs sidan påske.
Brødrene Marius og Emil Johan Heggheim Brekke såg kanskje ikkje heilt føre seg kva veddemålet deira gjekk ut på den dagen i påsken, då dei inngjekk avtalen med mamma Mallin Heggheim Brekke og morfaren på Tau.
Innhaldet i veddemålet, om dei gjennomførte avtalen, var ei gulrot dei begge ikkje kunne takke nei til der og då. Men konsekvensene hadde dei ikkje heilt sett føre seg.
— Eg var ikkje klar over at det var så mange månader frå påske til jul, då me gjorde avtalen seier eldstemann Emil Johan, og legg til at han på ingen måte har angra på veddemålet han og broren Marius gjorde i det vårlege og flotte påskevèret, og om tre netter til, er julaftan 2020 her.