Kristine Hustveit Nybru (t.h.) har markert seg så godt i fotballen at ho er tatt ut i landslagstroppen for jenter U16. Her vikedalsjenta saman med målvakt Tuva Roa under Norway Cup i 2019 då dei spela på Vindafjord sitt jentelag.
Overraskande uttak på landslaget
Kristine Hustveit Nybru fekk nyleg den hyggelege beskjeden om at ho er tatt ut på det norske fotballandslaget J16.
Den unge fotballspelaren frå Vikedal har nyleg flytta til Karmøy for å på på vidaregåande skule og spela fotball. Ho har meldt overgang til toppserieklubben Avaldsnes.
Denne veka har landslagssjef Elise Brotangen har tatt ut J16 landslagstropp til dobbeltkampar mot Tyskland og Sverige i Sverige i september. Og troppen inneheld heile tre spelarar frå toppklubben frå Karmøy.
— At Cille Nilsen og Linneah Henriquez Rasmussen blei tatt ut, var ikkje overraskande. Litt meir overraskande var uttaket av Kristine Hustveit Nybru som kom frå Vindafjord før denne sesongen. Cille er som kjent frå Stord, mens Linneah er frå Kopervik. Me gratulerer alle tre med uttaket, skriv Avaldsnes Toppfotball på si heimeside.