Det starta i det små med fløyter, kornettar og klarinettar nede i første etasje på Etne senter, og etter nokre taktar var det baryton, kornettar og tuba som tok seg av dei neste taktane. Dei var plasserte rett utanfor Møbelringen sine lokale i andre etasje. Althorn og ein mindre baryton tok neste sats utanfor sportsbutikken, før saksofonar, baryton og trombonar tok siste sekvens utanfor skobutikken. Så braka musikken laus for alvor, og i samla tropp framførte skulekorps og musikklag Gammel jegermasj til både jubel og applaus frå publikum.
I heile Noreg
Det var ikkje berre i Etne folk fekk seg ei musikalsk oppleving på slaget tolv denne dagen, for laurdagens stunt er ein del av Norges Musikkorps Forbund sin nasjonale Flashmob. Dermed har korps i alle landets krikar og krokar overraska menneske med musikk, og hovudpoenget skal vera at dette skal føra til spontan feststemning i både bygd og by. Og ein kan ikkje anna enn å seie at det klarte dei i Etne. Både musikklaget og skulekorpset er bitt ein gjeng dyktige musikarar, som klarar å framføra både samtakt og tonar på ein framifrå måte. Øving gjer meister» er eit ordtak ein like gjerne kan hogga ut i stein.