Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det er registrert 4.864 nye koronatilfelle det siste døgnet. Illustrasjonsfoto: Jil Yngland / NTB / NPK
Det er registrert 4.864 nye koronatilfelle det siste døgnet.

Over 4.000 koronasmitta siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 4.045 koronasmitta personar i Noreg. Det er 2.525 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.003 koronasmitta per dag i Noreg. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.997.

Tysdag var 246 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var fire færre enn dagen før. 69 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 32 på respirator.

Det er elleve fleire på intensiv og seks færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har no 267.843 personar testa positivt for covid-19 i Noreg.

Førebelse tal viser at 1.054 koronasmitta personar er døde i Noreg sidan mars 2020. Om dei har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast. 60 prosent av dei døde er over 80 år gamle. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 23 dødsfall i Noreg.

Grannar: Verken Vindafjord eller Etne kommune har meldt om nye smittetilfelle det siste døgnet!

Powered by Labrador CMS