Ordføraren tok utfordringa
Desibelane riv godt i øyra når ein kjem inn i symjehallen i Ølen denne fredags morgonen. 21 fjerdeklassingar frå Sandeid skule har symjeundervisning med kontaktlærar Marianne Øverland, og det er tydeleg at dette er populært. Mange står på kanten av bassenget og hoppar uti på djupna, nokre leikar inne på grunna, mens fleire øver seg på å flyta som ei sjøstjerne.
Det er nemleg dette som er den store prøven i dag, for snart kjem Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim på besøk, for å vera med på førebuinga til den store flytefesten som skal gjennomførast over heile Noreg komande laurdag.
— Eg trur ho klarar det, seier William Helgevold Bang, og ser ganske skråsikker ut.