Bildeserie
Ordføraren hyllar dei eldre sine lokale organisasjonar: — Dei er viktige støttespelarar for den kommunale helsetenesta
Kvart år arrangerer Vindafjord kommune ein fest som eldre i kommunen blir invitert til. Det kom rundt nitti personar til kulturhuset i Ølen. Dei koste seg med sosialt i lag med informasjon, mat og musikk.
Det reint tekniske stod det kommunale eldrerådet for som i fullt namn er Rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting». Leiar der er Wenche Lilleland frå Vikedal som var aktiv til stades i arrangementet.
Den praktiske gjennomføringa var det folk frå Vindafjord frivilligsentral stod for.
Ordførar Ole Johan Vierdal sa i sin tale til dei eldre at dei er ein viktig ressurs for lokalsamfunna dei lever i, og han trakk fram pensjonistforbundet og demensforeininga som viktige støttespelarar for helsevesenet i kommunen.
— Ta til dømes matkurset arrangert av den lokale avdelinga av Pensjonistforbundet, som er ein suksess, seier Vierdal.
Duo
Jon Ørnes og Sveinung Bjelland tok ansvaret for kulturinnslaget. Når dei to er åleine blir dei ofte kalla Pakkers duo, men her var dei berre Jon Ørnes og Sveinung Bjelland.
Dei knytte kontakten med publikum med ein del kjente songar frå Pakkers-repertoaret sitt, men og nokre kjende låtar i rootssjangeren som fall i smak. Siste nummer var glansnummeret Hovda», skapt av Bjelland.
— Heile kvelden var koseleg, stadfesta Gerd Vaka frå Ølen.
Informasjon
Berit Hetland frå Bjoa er styreleiar og kontaktperson i Vindafjord Demensforening som sorterer under Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ho hadde eit innlegg frå scena som tok for seg historikken til demensforeininga som starta etter at kommunen for 7-8 år sidan erklærte seg som demensvennleg kommune.
Hetland fortalte elles kva tema dei er opptekne av, og kva kunnskap dei både har og kan læra frå seg.
Både demensforeininga og pensjonistforbundet stilte med eigen stand som dei eldre kunne oppsøka for å få svar på spørsmål.