Eit oppdrettsselskap har fått ei bot på over 800.000 kroner etter at 36.000 fisk døydde. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Eit oppdrettsselskap har fått ei bot på over 800.000 kroner etter at 36.000 fisk døydde.

Oppdrettsselskap får bot etter at 36.000 fisk døydde

Eit oppdrettsselskap i Nærøysund får ei bot på over 800.000 kroner etter at 36.000 fisk døydde under avlusing og flytting.

Publisert Sist oppdatert

Hendinga skjedde i januar då oppdrettslaks frå Emilsen Havbruk skulle avlusast og flyttast til ein annan lokalitet, skriv Intrafish.

Det oppstod problem under flyttinga, noko som førte til at fisken vart utsett for trengsel i nesten fem timar.

Dei neste dagane vart over 36.000 fisk funnen død eller måtte avlivast, i hovudsak på grunn av sårskadar etter trengsel og handtering.

Mattilsynet vurderer regelbrotet som alvorleg og meiner fisken vart utsett for påkjenning og liding over fleire timar, og at det ikkje vart gjort nok for å verna fisken.

Dei meiner at selskapet aktlaust har brote dyrevelferdslova.

I uttalen til førehandsvarselet om straffegebyr erkjenner Emilsen Havbruk at dei burde ha sett i verk tiltak på eit tidlegare tidspunkt under flyttinga. Dei skriv at dei har endra rutinane sine som følgje av hendinga.

Selskapet er einig i Mattilsynets konklusjon om aktløyse, men dei er ikkje einige i ilegginga av gebyret og meiner det ikkje verkar førebyggjande.

– Tap av fisk, nedsett fiskevelferd og ekstra arbeidsbelastning er i seg sjølv aspekt som i aller høgaste grad er preventive for verksemda vår. Me meiner at å tildela straffegebyr for ei hending med forhold delvis utanfor vår kontroll, er lite formålstenleg verkemiddelbruk.

(NPK)

Powered by Labrador CMS