Foto: Etne kommune
Oppdatert framdriftsplan for asfaltering
Som Grannar har omtala tidlegare blir det denne veka gjort asfalteringsarbeid på Sørstranda. Etne kommune har nå oppdatert med ein framdriftsplan. Måndag blir det asfaltering på ein del av Sørstrandsvegen, Gamlevegen mot Fikse og Eikanesfeltet.
Frå tysdag til torsdag blir det asfaltering Sørstrandsvegen frå Veste og innover. Brukarane av vegane må pårekna noko ventetid under arbeidet.