Haugesund Turistforening opnar vintersesongen for Olalia. Førebels er det sko som er utstyret for å ta seg fram til fjellstova.
Foto: Einar Fjeldheim
Opnar vintersesongen
Turistforeininga håpar på ein god sesong i 2019, og med innføring av å bestilla overnatting på nett, er det forventa fleire besøkande på fjellstova i Vindafjord. Olalia vil vera open for overnatting kvar helg fram til påske, i tillegg til heile vinter- og påskeferien, med atterhald om vêret.
Vinteren har så langt vore fattig på snø i den lokale fjellheimen, så dei som tar turen denne helga, vil greitt ta seg fram til fots.
— Det er lenge igjen av vintersesongen og me ser fram til å få dei same eventyrlege skiforholda som me har hatt dei siste åra. Og medan me ventar på skiføret, er det framleis godt føre for alle som vil ta beina fatt, seier Lauren McPherson Simonsen, dagleg leiar i Haugesund Turistforening, i ei pressemelding.