Fredag 16. mai opnar Marius Catoiu og Cristian Pop ny kafé, Mario & Criss Grill, i lokalet til gamle Rodin i Etne.FOTO: RENATE SÆVAREID
Fredag 16. mai opnar Marius Catoiu og Cristian Pop ny kafé, Mario & Criss Grill, i lokalet til gamle Rodin i Etne.

Næringsliv

Opnar ny kafé i gamle Rodin

Fredag opnar Mario & Criss Grill dørene til sin nye kafé i Etne sentrum, i dei tidlegare lokala til Rodin. Med heimelaga mat, ope kjøkken og fokus på kvalitet, vil dei skapa ei hyggeleg matoppleving for både fastbuande og forbipasserande.

Publisert Sist oppdatert

Mario & Criss Grill driv frå før ein kafé på Kyrping bensinstasjon og har også ei avdeling i Haugesund. Nå ser dei fram til å utvida til Etne sentrum fredag 16. mai i dei gamle lokala til Rodin Etne, det Etne Mat og Grill har halde til dei siste åra. Dei to siste vekene har vore travle, då dei har gjort litt endringar i lokalet samtidig som dei har drive dei to andre kafeane.

— Nå gjenstår litt pynting, me skal få det fint med blomar til 17. mai-helga. Det skal bli koseleg å koma og eta her, seier dagleg leiar og medeigar Marius Catoiu og medeigar Cristian Pop.

Ope kjøkken

På sikt har dei planar om å gjera større endringar i lokalet, men førebels har dei gjort nokre mindre justeringar – som å opna opp inn mot kjøkkenet og delvis mot disken, slik at kundane kan sjå korleis dei arbeider. Fokuset deira er på gode smakar, høg kvalitet og god hygiene.

— Me vil ha eit ope kjøkken, der maten står bak glas. Det er viktig for oss at kundane kan sjå korleis me jobbar. Då kan dei kjenna seg trygge på at me held god hygiene, fortel dei.

Marius Catoiu tek ut nysteikt heimelaga pizza av pizzaomnen på kafeen deira på Kyrping.

Heimelaga mat

All mat som blir servert, er heimelaga frå botnen av. Både Marius og Cristian har med seg mykje erfaring sidan dei starta kafé i Haugesund i 2022, og dei har heile 13 års erfaring frå matbransjen.

— Mat laga frå botnen av smakar mykje betre. Hos oss får ein fersk mat utan mykje e-stoff, seier Marius Catoiu.

Det er tidkrevjande å laga alt sjølv. Då er det ikkje berre å varme det opp i ei panne. Det er ein mykje lenger prosess som krev struktur og planlegging. Dei har lange økter på kjøkkenet der dei preppar mat. Dei set eigne deigar til pizza og kebab, og steiker kebabkjøt på spyd over lang tid – ein prosess som kan ta opp mot 9 timar. Dei meiner at ein får eit mykje saftigare kebabkjøt på denne måten.

— Me vil verken tulle med kvalitet på maten eller med folk. Her skal ein få skikkeleg mat, seier Cristian Pop.

Det vil bli servert alt frå grillrettar til à la carte. Det blir dagens middag, italiensk pizza, gatekjøkkenmat og mykje meir.

— Det som er mest populært er kebaben. Men plankebiff og biffsnadder går det også mykje av, seier dei.

Kafeen kjem til å ha ope kvar dag. I tillegg satsar dei på nattmat natt til søndag.

Powered by Labrador CMS