Kenneth Karlsen er gruppeleiar for Frp i Etne kommunestyre. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kenneth Karlsen er gruppeleiar for Frp i Etne kommunestyre.

Ønskjer svar om heimetenesta

Moglege endringar i oppmøteplass som følgje av felles base for heimetenestene i Etne og Skånevik skapar uro. Nå ønskjer Kenneth Karlsen (FrP) å lufta saka i formannskapet.

Publisert Sist oppdatert

Om eit par månader blir heimetenestene i Skånevik og Etne slått saman til ei avdeling. Gruppeleiar Kenneth Karlsen i FrP etterlyser svar på kva konsekvens samanslåinga vil gi. Han ønskjer mellom anna å få stadfesta kva moglege endringar går ut på, særs med tanke på framtidig oppmøtestad for dei tilsette.

— Eg har ikkje fått vita konsekvensar av planen. Me har stilt spørsmål om endra oppmøteplass og har ikkje fått bekrefta kor oppmøteplass vil bli, seier Karlsen som har sendt inn ein førespurnad til formannskapet der han ønskjer å få ei orientering om saka.

Han ber også formannskapet føreslå at det ikkje blir gjort endringar i oppmøtestad for tilsette i heimebaserte tenester før saka er behandla politisk, og at det blir gjort ei grundig utgreiing frå administrasjonen om dei økonomiske, praktiske og tenestemessige konsekvensane av endringa, samt om dette er i tråd med vedtekne planar og budsjett.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS