Ølen båtlag: — Positivt vedtak
Under formannskapsmøtet tysdag ettermiddag blei det vedtatt å leggja revehalltomta ut for sal til ein fast pris på 2,5 millionar kroner. Men for at salet skal godkjennast er kjøpar plikta til å oppfylla visse kriterium som formannskapet i etterkant skal godkjenna. Mellom anna er det lagt inn krav om tilkomst til Ølen båthamn, det skal sikrast tilgang for ålmenta til strandsona og det skal leggjast fram i løysing for offentleg båtopptrekk. Minimum første etasje i eit eventuelt bygg skal nyttast til allmennnyttige føremål og byggestart skal skje innan tre år etter kjøp. Alle som viser si interesse for kjøp av eigedomen skal leggja fram ei skisse for sine tankar med tomta og til slutt er det opp til formannskapet å avgjerda kva dei meiner er den beste løysinga før dei seier ja til sal.
Forslag
Under møtet blei det kasta fram ulike føreslag til endring av teksten som formannskapet skulle røysta over. Både Siv Bente Stople Østbø (Sp) sitt forslag om å nytta minimum første etasje til allmennyttige føremål og Rune Hetland (V) sitt forslag der formannskapet skal stå fritt til å velja konseptet som gir den beste løysinga, fekk fleirtal. Reidar Håvås (Ap) tok steget litt vidare og ville selja tomta til Ølen båtlag og kulturhuset, men vann fram ikkje.