Fram til no har fleire utanlandske sjåførar kunna køyra frå bompengerekninga. No blir det vanskelegare.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Nytt system på plass: Færre utanlandske bilar skal sleppa unna bompengar
I fjor hadde utanlandske bilistar 117 millionar kroner i ubetalte bompengar i Noreg. No blir det vanskelegare for dei å køyra frå rekninga.
– Eg er glad for at utanlandske bilistar som tidlegare slapp unna fordi køyretøya deira ikkje lét seg identifisera, no må betala bompengar. Dette har vore ei viktig sak for oss. Det handlar om tillit til bompengeordninga og om tapte inntekter til å finansiera norske vegar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding
I sommar kom eit nytt direktiv på plass som gjer det mogleg å identifisera alle køyretøy frå EU og EØS som til no ikkje har betalt bompengar.