Nytt piano i Stødle kyrkje
Det var første gongen det nye pianoet vart teke i bruk til ein heil konsert. […]
Det var første gongen det nye pianoet vart teke i bruk til ein heil konsert. Det var Soknerådet som stod som arrangør, etter initiativ frå vår tidlegare organist Solveig Sørheim som no studerer ved Grieg-akademiet. Det var ho som tok initiativ til å få piano til Stødle då ho var organist her for vel eitt år sidan. På ettervinteren gjekk soknerådet til anskaffing av nytt piano. Pris og omkostningar var på litt i overkant av 40 tusen. Gjennom overskot på konsertar, men mest gjennom frivillige gåver, står det no att berre om lag 10 tusen å betale. Me er glade for alle som har vore med og støtta dette tiltaket, – og som framleis vil vera med.
Helsing frå kyrkja ved
Harald Sirnes (kyrkjeverje) og Jens Olav Mæland (sokneprest)