Asbjørn Moe (t.v), Aslaug Olden Mala og Jostein Osnes er tre av sju i det førebelse styret for Etnesjøen grendalag. No inviterer dei til stiftingsmøte.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Nytt forum for Etnesjsøen
At sentrumsdelen av Etne ikkje har sitt eige grendelag, er snart ei saga blott. Etableringa har samanheng med sentrumsprosjektet Etnesjøen 2020. Dette er finansiert av Etne kommune og Hordaland fylkeskommune og har som mål å auke Etne sin attraktivitet den dagen E134 blir lagt utanom sentrum.
Trønderen Lars Røstad har tidlegare har skrive masteroppgåve om landskapsarkitektur, med tema tettstadsutvikling som ein viktig faktor. Han valte Etnesjøen som caseområde, sidan denne delen av kommunen er prega av mykje tung- og gjennomgangstrafikk. Han har også lagt vekt på at tilrettelegging for mjuke trafikantar kan vera ein viktig strategi for å skapa eit meir attraktivt sentrum. Dermed er oppgåva til Røstad svært interessant for Etnesjøen 2020.
— Å få på plass eit eige grendelag for Etnesjøen er viktig av fleire grunnar. Mellom anna treng nælingslivet ein sparringspartnar. For utanom næringslivet og deira interesser er det ingen som snakkar Etnesjøen si sak, seier Asbjørn Moe som er éin av sju representantar i interimstyret for Enge krins sitt grendelag. Dei andre seks er Jostein Osnes, Aslaug Olden Mala, Helene Teigland, Vidar Børretzen, Stein Oddvar Gravelsæter og Helge Håland.