Nye rutinar etter lovbrot
Regelverket for offentlege innkjøp er lovfesta for å sikre størst mogeleg grad av gjennomsiktigheit i offentleg forvaltning, mellom anna for å sikre seg mot korrupsjon. I ein forvaltningsrevisjon med fokus på innkjøpsrutinar i Etne kommune går det fram at kommunen, som dei siste tre åra har kjøpt varer og tenester for over 300 millionar kroner, har hatt ein innkjøpspraksis som har vore i strid med regelverket.
Entreprenørar reagerte
Det var kontrollutvalet i Etne kommune som hausten 2018 bestilte ein forvaltningsrevisjon av innkjøpsfeltet. Dette etter at leverandørar hadde byrja å stille spørsmål om praksisen. Ein episode kor det vart avdekka at ein heil perm med informasjon knytt til eit innkjøp av tenester innan vegvedlikehald blei borte, skal også ført til at ønskje om ein revisjon på feltet var ønskja av politikarane.