Nye reglar for riving av bygg reduserer klimautslepp
Kvart år blir det rive mellom 10.000 og 20.000 bygningar i Noreg. Nokre av desse blir rivne sjølv om dei har fullt brukbare komponentar med framleis god levetid.
Frå 1. juli i år blir det pålagt å gjennomføre kartlegging av potensial for ombruk av desse bygningskomponentane. Ved å ta vare på dei og bruke dei igjen, blir klimautslepp og skadar på naturen redusert som følgje av mindre bruk av ressursar.
Ifølgje Sintef, er ei ombrukskartlegging ein systematisk gjennomgang av delane i ein bygning eller eit område for å vurdere kor eigna dei er for ombruk.