Ny travrunde til fylket

I april i fjor gav Fylkesmannen i Hordaland Etne og Vindafjord Trav- og hestelag full […]

Publisert Sist oppdatert

I april i fjor gav Fylkesmannen i Hordaland Etne og Vindafjord Trav- og hestelag full støtte i klagen på reguleringsplanen der travlaget sitt hestesportanlegg på Tongane blei tatt ut. Kommunestyret vedtok likevel i haust å la reguleringsplanen stå utan anlegget.

Klagen Øyvind Thorson sende inn på dette blei på nytt avvist, og nå står fylkesmannen for tur, for endeleg avgjerd.
— Eg forventa dette, og nå går klagen på nytt til fylkesmannen. Førre gong var eg usikker på kva som ville komma frå fylket, denne gongen er eg sikrare, seier Øyvind Thorson, som har fronta travlaget for innpass på reguleringsplanen.

Thorson er klar for ny omkamp, uavhengig av kva svar fylkesmannen gir denne gongen.
— Dersom me får medhald, må kommunen ta det opp att. Dersom me ikkje får medhald, vil me likevel krevja erstatning, seier Thorson.
Nå undersøkjer han moglegheitene for å komma med innspel til saka, sjølv om høyringsfristen er gått ut.
— Dei nåverande grunneigarane har fått koma med innspel i etterkant av høyringsfristen. Me vil høyra med fylkesmannen om det er høve for oss å komma med innspel til saka, seier Thorson.

Powered by Labrador CMS