Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto: Sian O'Hara / NPK

Ny teknologi: Opptur for små nærbutikkar

NPK: Fleksible opningstider ved bruk av ny teknologi har gitt nærbutikkar i Distrikts-Noreg ein handelsvekst på over 40 prosent.

— Digitalisering kan gi heilt nye vekstmoglegheiter, og hindre at små lokalbutikkar vert laga ned, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland, i ei pressemelding.

Dei åtte nærbutikkane som deltok i pilotprosjektet til Merkur-programmet med døgnopen drift og delvis sjølvbetjening, fekk 34 prosent fleire kundar og ein auke i omsetninga på 49 prosent, samanlikna med året før.

Det viser ein fersk evalueringsrapport av pilotprosjektet. Dersom ein justerer for prisstigning og auka daglegvareomsetning som følgje av pandemien, har ny teknologi og ny driftsform gitt ein netto omsetningsvekst på 33 prosent og betre lønsemd.

Inngangskontroll og kamera

Butikkane i prosjektet har hatt ordinær betening i vanleg opningstid. Samtidig har den teknologiske løysinga gjort det mogleg å utvide opningstida utan å måtte tilsetje fleire medarbeidarar.

Butikkane har fått eit system for inngangskontroll der kunden identifiserer seg ved hjelp av bankkort eller mobilapp. Videokamera følgjer med på kva du gjer i butikklokalet. Dersom kunden får problem med skanning eller andre ting, kan han kommunisere med kjøpmannen via høgtalar og kamera ved kassen. Support kan òg fjernstyre kassen, om det skulle vere behov for det.

Desse butikkane var med i prosjektet: Lyngdal Landhandel, Flesberg, Svatsum Samvirkelag, Gausdal, Åmdals Verk Daglegvare, Tokke, Tufsingdal Landhandel, Os, Eksingedalen Snarkjøp, Vaksdal, Herand Landhandleri, Ullensvang, Coop Prix Nedre Eggedal, Sigdal og Coop Marked Folkestad, Volda.

Merkur er Kommunal- og moderniseringsdepartementets program for å utvikle og styrkje butikkar i Distrikts-Noreg. Programmet er ein del av Distriktssenteret.

Powered by Labrador CMS