Ny runde om barnehage
Mange foreldre i Vikedal har ny barnehage i Osen som det klare valet. Rådmann Helge […]
Mange foreldre i Vikedal har ny barnehage i Osen som det klare valet. Rådmann Helge Thorheim har derimot valt utbygging av den gamle barnehagen fordi han meiner Osen-alternativet kan sprengje budsjettet med 4-5 millionar kroner.
Rådmannen informerte om dette i formannskapet først på tysdag, og så i eit ekstraordinært møte på torsdag etter ønske frå formannskapet som ville ha grundigare informasjon.
I dag er det eit nytt ekstraordinært formannskapsmøte det målet er konkludere i val av plassering både i Vikedal og Ølensvåg. Dersom det fører til ekstra utgifter, må også kommunestyret inn i bildet.
Imøtekome foreldre
Formannskapet brukte tid i helga på synfaring og drøfting for å ha bakgrunn for vedtaket i dag. Både Marit Aga Hustvedt (Ap) og Terje Halland (Frp) meiner det er synd dersom det blir tomteval som ikkje er tråd med det signalet som er gitt tidlegare.
Spesielt gjeld det Vikedal der det er stor forskjell på alternativa.
— Det er synd dersom ikkje det blir ei løysing bygdene ønskjer seg. I Vikedal blir det eit spørsmål om pengar, men eg stiller spørsmål om rådmannen sitt reknestykke blir fullstendig. Vi må vurdere dette nøye, seier Halleland.
Skepsis til reknestykke
Marit Aga Hustvedt (Ap) er derimot ganske sikker på at ho vil gå inn for Osen i Vikedal, også om det blir eit dyrare alternativ.
— Eg meiner vi bør velje Osen. Dersom eg skal snu, må det vere at fleirtalet av foreldra vil ha ei anna løysing. Her byggjer ein for mange år framover, og eit par millionar kan ikkje stoppe det beste alternativet, seier Hustvedt.
Både ho og Halleland meiner rehabilitering av den gamle barnegane ved ei utbygging der, må inn i reknestykket i rådmannen sitt alternativ. Og omvendt bør sal av den gamle barnehagen bli rekna inn i alternativet Osen.
Grasbane
Dei stiller også spørsmål om ekstra utgifter i Osen blir så store som rådmannen har lansert. Han ser for seg at grasbanen i sentrum må flytte litt på seg for å få plass til ny barnehage.
Ordførar Arne Bergsvåg (Sp) var før helga meir reservert i å støtte utbygging i Osen.
— Blir det dyrare må ein kutte drift eller utsetje andre investeringar. Det må bli ei politisk løysing der politikarane i tilfelle må finne pengar som rådmannen ikkje har i sitt budsjett for utbygging av barnehagane. Får vi auka renter viser det igjen i botnlinja, seier han.
Før helga var han ikkje klar til å konkludere med kva han vil gå inn for.