Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier funna i rapporten er nyttige.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Ny rapport: Skuletilsette utsette for vald ved åtte av ti grunnskular det siste året
80 prosent av rektorar i grunnskulen seier lærarar og andre tilsette ved skulane deira har vore utsette for former for vald det siste året, ifølgje undersøking.
Det er først og fremst dei yngste elevane som er involverte i valdshendingar, og det er eit fåtal som står for dei fleste hendingane, ifølgje ein rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).
Dermed stadfestar funna i rapporten det som har vore kjent også frå andre undersøkingar, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.