I fjor bidrog det nasjonale kompetanseteamet i 1402 saker om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Det var ein auke på 23 prosent frå året før.
Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK
Ny lov om negativ sosial kontroll på høyring
Ei ny lov som skal hindra negativ sosial kontroll og æresvald, gjekk fredag ut på høyring. Lova skal gjera det lettare å dela opplysningar mellom etatar.
Ei ny lov som skal hindra negativ sosial kontroll og æresvald, gjekk fredag ut på høyring. Lova skal gjera det lettare å dela opplysningar mellom etatar.
Lova skal sikra at dei offentlege tenestene som jobbar for å hindra negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, skal kunna samarbeida godt.
– Vi vil styrkja det rettslege vernet til barn, unge og vaksne som blir utsette for negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Dette er svært alvorlege saker som kan handla om mishandling i nære relasjonar, ufrivillige utanlandsopphald og tvangsekteskap, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) i ei pressemelding.