Ny komiserie i Grannar
Om eg til dagleg opptrer som ein alvorleg kritikar av samfunnet, er eg ein stor […]
Om eg til dagleg opptrer som ein alvorleg kritikar av samfunnet, er eg ein stor humorist innerst inne, og har hundrevis av historier på lager og likar å fortelje dei i godt lag. Eg hugsar mange av historiene frå Rorbua og Tore Skoglund. Både grove og meir fine.
Me burde få fleire komikarar inn på Tinget. Før i tida hadde me Bent Røyseland, Jon Leirfall og Hanna Kvanmo. Av desse er vel SV-politikaren Kvanmo den største. Eg har alle heftene med historiene til Jon Leirfall med teikningane til Audun Hetland.
Eg har bøkene til Hanna med politikarhistorier både frå Stortinget og frå storpolitikken. Den lune humoren og ironien til Kvanmo gjer at eg mange kveldar ler meg i søvn.
Ole Stene