Hanne Line Damm er eigar av butikken Get It som har opna ny avdeling på Ølen senter. FOTO: RENATE SÆVAREID
Hanne Line Damm er eigar av butikken Get It som har opna ny avdeling på Ølen senter.
Hanne Line Damm ekspederar kunde Mona Lill Hundseid. FOTO: RENATE SÆVAREID
Hanne Line Damm ekspederar kunde Mona Lill Hundseid.
Det var mange som møtte opp på butikkopninga av Get It fredag. FOTO: RENATE SÆVAREID
Det var mange som møtte opp på butikkopninga av Get It fredag.

Næringsliv

Ny klesbutikk opna på senter

På berre tre veker gjekk frå å snakka om ei ny avdeling til å opna dørene på Ølen Senter. Fredag morgon stod kundane klare for å sjå det nye tilskotet.

Publisert Sist oppdatert

Fredag opna dørene til den nye klesbutikken Get It på Ølen Senter – og interessa lét ikkje venta på seg. Mange møtte opp for å sjå kva den nye butikken hadde å by på. Get It, som frå før har ei avdeling i Kopervik, har no etablert seg i Ølen, og dei første kundane stod klare ved opningstid. Butikken fører kjende merke som Vero Moda og Only, og har i Kopervik opparbeidd seg eit godt rykte for god service og rimelege prisar.

— Folk likar kleda me sel, og set pris på god kundeservice, seier eigar Hanne Line Damm.

Det var mange som møtte opp på butikkopninga av Get It fredag.

Lokal forankring og god hjelp

Ideen om ei ny avdeling kom etter ein samtale med Andreas Hustvedt, ein av eigarane av Ølen Senter. Han fortalde at det stod eit lokale ledig – og allereie dagen etter tok Damm kontakt for å gå vidare med planane. Tre veker seinare var lokalet fylt med stativ, klede og klart for opning.

— Andreas har vore heilt avgjerande. Han har hjelpt oss med å få butikken opp og stå. Utan han veit eg ikkje om me hadde fått det til, seier Damm.

Tre lokale tilsette er alt i sving i den nye avdelinga.

Avdelinga i Ølen blir driven frå same lager som butikken i Kopervik, men har eige kasseapparat og si eiga avdeling. Damm fortel at dei i første omgang vil prøva konseptet i fire månader, for å sjå om interessa held seg oppe.

— Me testar dette no og ser korleis det går, seier ho.

— Spennande med noko nytt

Blant dei første innom var stamkunden Mona Lill Hundseid, som gler seg over eit nytt tilbod på senteret.

— Det er alltid spennande når det kjem noko nytt, seier ho med eit smil medan ho betaler for fleire nye plagg.

Hanne Line Damm ekspederar kunde Mona Lill Hundseid.
Powered by Labrador CMS