Berit Legård er dagleg leiar i Sandeid Handelslag.
FOTO: Nils Tokheim
Ny handelslagssjef
Berit Legård (59) er tilsett som ny dagleg leiar ved Sandeid Handelslag SA. Ho kjem frå tilsvarande stilling i Coop Prix i Suldalsosen.
Ho har seks år bak seg innan Coop, men har heile sitt yrkesliv jobba innan butikkdrift. For det meste i Sauda, som ho flytta til ganske ung ifrå barndomsbygda Røldal. Legård bur på Sand, men kan på sikt tenka seg å ha kortare reiseveg til jobb. Sandeid er godt plassert i forhold til at ho har barn og barnebarn i Haugesund, Sand og Sauda.
Butikken i Suldalsosen er noko mindre både i areal, omsetnad og tilsette, men Legård trur at sjølve butikkdrifta ikkje er så ulik. Dessutan gjeld Coop sitt prix-konsept både i Suldalsosen og i Sandeid.