— Ny E134 hastar

Kari Aakra Eit stort koppel lokalpolitikarar møtte Stortingets transport- og kommunikasjonskomite då dei stansa i […]

Publisert Sist oppdatert

Kari Aakra

Eit stort koppel lokalpolitikarar møtte Stortingets transport- og kommunikasjonskomite då dei stansa i Åkrafjorden onsdag ettermiddag.

Informasjonsmateriale om E134 gjennom Etne blei overlevert komitémedlemmene, før bussturen gjekk vidare gjennom Stordalen og Etne. Øyvind Halleraker (H) og leiar i transportkomiteen, Knut Arild Hareide (KrF), fekk sjølv oppleva turen på smal veg gjennom flaskehalsane frå setet i ein lastebil.

— Det er klart at me får eit anna inntrykk av situasjonen når me får oppleva vegen slik yrkessjåførane gjer det. Vegen vil få stadig meir trafikk, og det hastar med å få planane på plass. Difor var det svært viktig at heile komiteen fekk oppleva denne vegstrekninga i dag, sa Hareide.

Les meir om transportkomiteen sitt besøk i papirutgåva av Grannar på måndag.

Powered by Labrador CMS