Ein pall med norsk laks frå innsida av eit fraktfly. Foto: Øystein Løwer/Avinor
Ein pall med norsk laks frå innsida av eit fraktfly.

Ny direkterute styrkjer norsk lakseeksport

– Ein effektiv og direkte kanal til Vietnam og Thailand, seier Avinor.

Publisert Sist oppdatert

Ethiopian Airlines opna laurdag 6. september ei ny fraktrute frå Oslo lufthamn til Hanoi, med vidaresamband til Bangkok. Ruta med avgangar kvar laurdag, er spesielt tilrettelagd for sjømateksport.

– Etterspurnaden etter fersk norsk laks i Asia er stor og aukande. Denne ruta gir ein effektiv og direkte kanal til Vietnam og Thailand, og styrkjer Noregs posisjon som ein leiande sjømatnasjon, seier Eva Beate Lande, fraktsjef i Avinor, i ei pressemelding.

Ifølgje Noregs sjømatråd vart det i 2024 eksportert over 24.000 tonn laks til Thailand og meir enn 5.000 tonn til Vietnam.

(NPK)

Powered by Labrador CMS