Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bilete av det verna vassdraget Åsta i Åmot kommune i Hedmark. Foto: NVE / Arne Hamarsland / NPK
Bilete av det verna vassdraget Åsta i Åmot kommune i Hedmark.

NVE skal kartlegge verneverdiar og inngrep i verna vassdrag

Publisert Sist oppdatert
NPK: For 50 år sidan vedtok Stortinget den første verneplanen for vassdrag i Noreg. No skal Noregs vassdrags- og energidirektorat sette i gang eit arbeid for å finne ut korleis det går med dei 390 verna vassdraga. Prosjektet skal gjennomførast av Norsk institutt for naturforsking.

Formålet er å verne naturverdiar, kulturminne og friluftslivsinteresser som er knytt til elvane og nedbørsfelta.

– Gjennom eit fireårig prosjekt skal Norsk institutt for naturforsking (NINA) mellom anna lage verktøy for å kartleggje kva verdiar som finst i dei verna vassdraga, seier Silje Aakre Solheim, seniorrådgivar i NVE, i ei pressemelding.

Til dette vil dei bruke ein kombinasjon av data frå tidlegare rapportar, geologiske kart, feltundersøkingar og modellering.

Eit viktig kriterium for vernet i mange vassdrag er urørt natur. Likevel er det i dag bygd både vegar, minikraftverk og det blir drive med landbruk i og langs verna vassdrag. Difor skal forskarane også måle omfanget av inngrep som er gjort i dei verna vassdraga og evaluere korleis forvaltninga av verna vassdrag er og har vore.

(NPK)

Powered by Labrador CMS