Skjulte opptak av brot på dyrevelferda skakar kyllingindustrien i Noreg og Sverige. Nortura, som samarbeider med det ramma selskapet, reagerer kraftig.
Dei skjulte opptaka er tekne opp av ein aktivist frå Djurrättsalliansen» som i ein periode arbeidde i skjul på eit oppdrettsanlegg i Skåne. Videoen viser avlsdyr som blir snurra rundt etter nakken og trampa i hel, skriv Nationen.
Avlivinga som blir vist er ikkje ein tillaten metode og er brot på lovverket, stadfestar svenske styresmakter. Nortura samarbeider med det ramma selskapet Aviagen, som er det leiande avlsfirmaet i verda innan slaktekylling.
– Vi reagerer kraftig på det vi der ser. Slik skal det ikkje vere. Det er brot på alle reglar og alle standardar for slik produksjon i både Noreg og Sverige, seier Norturas konserndirektør Kjell Rakkenes.
Han ser ikkje bort frå at avsløringane kan få konsekvensar for samarbeidet og seier Nortura ikkje kan ha ein leverandør som ikkje tilfredsstiller regelverket.
– Eg kan ikkje avvise nokon konsekvensar, men dei må først få svare for seg, seier han.
Aviagen ber i ei pressemelding om unnskyldning for dette og forsikrer om at vi vil gjøre vårt ytterste for å løse svakhetene raskt og i sin helhet».