Komande helg kan ein kjøpe norske jordbær i Rogaland.
Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Norske jordbær klare for sal allereie i april
Allereie komande helg kan ein kjøpe ferske, norske jordbær på Joa jordbærtorg på Røyneberg i Sola kommune, skriv NRK.
Den tidlege modninga kjem av ein kombinasjon av mange soltimar i februar og mars, innandørs dyrking og gassoppvarming om nettene. Jordbærbonde Geir Joa forklarer at dei plantar frøa allereie i januar, noko som er mogleg takka vere drivhusløysingar som gir betre kontroll på vekstvilkåra.
– Vi har hatt mykje godt lys i mars og april, og så har vi brukt litt gass for å halde varmen om natta. Plutseleg var dei modne, seier Joa til NRK.