Norske bønder tek kort ferie, viser ei ny undersøking. Ein stor del nøyer seg med éi veke.
Foto: Bård Gundersen / NPK
Norske bønder tek svært kort ferie
Ei ny undersøking viser at nær halvparten av norske bønder nøyer seg med to veker eller mindre med ferie i løpet av eit år.
23 prosent av bøndene tek vanlegvis ut mellom 6 og 10 feriedagar i løpet av eit år, medan 22 prosent berre tek ut inntil fem dagar, ifølgje ei undersøking gjort av Agri Analyse for Landkreditt.
18 prosent svarer at ferien utgjer mellom 11 og 15 dagar. I tillegg oppgir éin av ti at dei unner seg 16 til 20 dagar. Berre to av ti bønder tek ut meir ferie enn dette, medan fem prosent kryssar av for at dei ikkje veit eller hugsar kor mykje tid ferien utgjer.