Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Norsk vaksine klar først om to til tre år

NPK: Det norske selskapet Vaccibody er i ferd med å utvikle ein norsk covid-vaksine. Men vaksinen vil først vere klar om to til tre år, trur ekspertar.

Norske Vaccibody har opphav i forskingsmiljøet ved Universitetet i Oslo, og dei har starta eit prosjekt der dei utviklar ein norsk vaksinevariant. Men ekspertar trur vaksinen først vil vere klar for bruk i 2023 eller 2024, skriv Khrono.

— Normalt vil eit vaksineløp ta 5–10 år. Dersom alt ligg til rette, kan Vaccibody jobbe langt raskare enn det. Om dei no har brukt våren på å fullføre dei kliniske studiane kan det vere mogleg å nå fase 1 klinisk testing til hausten. Går det bra med denne og dei neste fasane, kan dei teoretisk vere klare med ein kommersiell vaksine om 2–3 år. Men då skal alt stemme, seier forskingsgruppeleiar og ekspert på immunologi og vaksinar Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo.

Grødeland forklarer at vaksinen er ein såkalla DNA-vaksine der dei har kopla saman ein bit av viruset med ei målstyringseining. Dette blir levert som DNA, men etter at sjølve vaksineprotein er produsert, vil målstyringseininga dirigere vaksinen rett til dei mest relevante immuncellene. Vaksinen blir derfor effektiv sjølv med lågare dosering.

Powered by Labrador CMS