Sokkeldirektoratet viser til at det framleis finst store olje- og gassressursar utanfor kysten sjølv etter 50 år med petroleumsverksemd. Her flyg Forsvarets maritime patruljefly P3 Orion over Osebergfeltet i Nordsjøen.
Foto: Forsvaret / NTB / NPK
– Norsk sokkel kan vere konkurransedyktig i mange år framover, meiner Sokkeldirektoratet
Norsk sokkel kan framleis vere ein trygg og konkurransedyktig leverandør av olje og gass i mange år framover, meiner Sokkeldirektoratet.
– Vi har hatt 30 år med – meir eller mindre – platåproduksjon på norsk kontinentalsokkel. For å bremse eit bratt produksjonsfall etter 2030, krevjast det forsterka innsats både innan leiting, utbygging av funn og auka utvinning frå eksisterande felt, sa Kjersti Dahle, direktør for Sokkelutvikling, i innlegget sitt
på Sokkelkonferansen 2025 i Stavanger onsdag.
Ho viste til at det framleis finst store olje- og gassressursar utanfor kysten sjølv etter 50 år med petroleumsverksemd, i tillegg til store ressursar av havbotnmineral og moglegheiter for lagring av store mengder CO2.