Likevel har Noreg aldri vunne den gjæve filmprisen. Til årets utdeling natt til 3. mars er det ingen norske filmar nominert til prisen.
Samtidig som Noreg står med null prisar i denne kategorien, har Sverige vunne tre gongar og Danmark fire. Det er det fleire grunnar til, fortel Audun Engelstad, professor i film- og medievitskap ved Universitetet i Innlandet.
God film ikkje godt nok
– Veiviseren» var populær. Elling» og Kon-Tiki» sette kinorekordar. Verdens verste menneske» er særeigen og skil seg ut ved å ha ein internasjonalt etablert regissør, medan Søndagsengler» var ein nydeleg film og ei verkeleg lita overrasking, seier Engelstad til Nynorsk pressekontor.
Men å lage god film, er ikkje nok. Berre prosessen med å kome heile vegen til å bli nominert er lang og industritung, fortel han.
– Ein norsk komité vurderer dei aktuelle norske filmane og nominerer desse til Oscar-konkurransen. Komiteen har mange omsyn å balansere i i slike avgjerder. Det gjeld kva type omdømme filmen og regissøren har fått i festivallivet, og kva filmar som har nådd opp i det siste.
For å vinne, er det viktig å ha vore populær på filmfestivalane, spesielt filmfestivalen i Cannes. I tillegg er det til stor hjelp å ha regissør og skodespelarar som allereie er etablerte i USA.
– Det er gjennomgangsmelodien. Så må ein ha draghjelp frå amerikanske produsentar, og salsagentar for å lobbe filmen inn til akademiet som deler ut prisane.
– Det er eit stort apparat. Men nokre gonger greier filmar frå små filmnasjonar å kome inn. Det kan vere at dei plutseleg treff tidsånda eller har ei aktuell problemstilling og spennande nytt filmspråk, seier Engelstad, og nemner italienske neorealist-filmar som Roma, open by» og Sykkeltyvene» som døme.
– Må vinne for å vite
For årets nominasjonsliste valde den norske oscarkomiteen filmen Armand», som har fått gode omtaler på fleire filmfestivalar. Men tidlegare har komiteane òg vald publikumsfavorittar.
– Det som skil seg ut med Elling» og Kon-Tiki» på 2000-talet, er at ein har gått for store publikumsfilmar. Det gjer ein ikkje kvart år. Det har vore store feel-good-filmar, men desse er risikable å velje, då det er mange andre filmar å konkurrere med i den kategorien.
– Men er det i det heile viktig med Oscarpris?
– Det merker ein først når ein har vunne han, seier filmprofessor Audun Engelstad.
– Ein Oscar hadde vore viktig for omdømet til norsk film. Det ville hjelpt på å løfte besøka for norske kinofilmar, auka arbeidsvilkåra, merksemda og sjølvtillita.
(NPK)