Noreg er Europas sjette dyraste land – her er det billigare
– Prisnivået i Noreg samanlikna med resten av Europa synest å ha stabilisert seg på ein lågare forskjell enn før, og det har gjort det meir attraktivt for utanlandske turistar å leggje ferien sin her hos oss. Baksida av denne medaljen er at det har vorte dyrare enn før for nordmenn å feriere i utlandet, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Ei oversikt over prisnivået i Noreg og andre europeiske land
, viser at prisforholda landa imellom i 2024 heldt seg ganske stabile samanlikna med 2023. Det samla prisnivået i Noreg har i dei to siste åra lege 24 prosent høgare enn snittet i EU-landa, ifølgje dei nyaste tala frå Eurostat (ec.europa.eu).
Sveits og Island er enno landa med høgast prisnivå, med prisar høvesvis 74 og 62 prosent over EUs gjennomsnitt.