Nordmenn er venta å julehandle for 139 milliardar kroner
Nordmenn kjem til å bruke 138,7 milliardar kroner på julegåver og annan julehandel i år, ifølgje ei vurdering gjort av interesseorganisasjonen Virke.
Det er dermed venta at nordmenn bruker 3,5 prosent meir på julehandel enn i fjor, ifølgje Virkes berekning.
Kvar nordmann kjem i snitt til å bruke rundt 24.900 kroner på julegåver, mat og drikke i november og desember.
Annonse
Virke peikar på fleire faktorar som speler inn. Prisveksten er generelt lågare, blant dei lågare straumprisar. Lønnsveksten er høgare enn på same tid i fjor, medan arbeidsløysa framleis er låg. Samtidig ventar mange at rentetoppen er nådd.
Litt over halvparten, 71,4 milliardar kroner, vil bli brukte i desember. Av dette utgjer rundt 30 milliardar mat og drikke.
(NPK)